Standard Salgs- og leveringsbetingelser for oppdrag med avtalt pris

Tilbodet gjeld for prisførespurnad frå kunden. Det vert teke forbehold om at grunnlaget som er sendt frå kunden, gir fullstendige opplysningar for rekning av tilbodet.

 

 

  1. Tilbodet gjeld i 14 dagar frå dagens dato. Etter dette tidspunktet er ikkje tilbodet lenger bindande for elektroentreprenøren.
  2. Tilbodet utgjer ei uforpliktande prisantyding dersom ikkje anna er avtalt særskilt.
  3. Krav om skriftlegheit er oppfylt ved sending av e-post.
  4. Godtaking av tilbodet medfører at alle vilkår i tilbodet, samt desse ‘Salgs- og leveringsbetingelsene’, blir aksepterte av kunden.
  5. Eventuelle forbehold frå kunden må framsetjast skriftleg saman med annan godtaking av tilbodet. Elektroentreprenøren står fritt til å velje om forbehold skal aksepterast.
  6. Elektroentreprenøren står fritt til å indeksregulere alle prisdelar i dette tilbodet. Indeksregulering skjer i så fall i samsvar med NS 3405 pkt. 4.1, etter bestemmelsen om regulering av kontraktsbeløp for bygg og anlegg på grunn av endringar i lønn, prisar, sosiale utgifter m.v., – totalindeksmetoden – med ein kalendermånad som avrekningperiode. SSB sine indeksar ‘Elektrikerarbeid’ og ‘Elektrikerarbeid, materialar’ for enebolig av tre skal nyttast. Utgangspunktet for indeksreguleringa er prisnivået ved utløpet av entreprenørens tilbodsfrist.
  7. Dersom elektroentreprenørens innkjøpsprisar/kostnader stig som følgje av force majeure-situasjonar eller andre kriseforhold utan at dette har gjeve tilsvarande utslag i avtalt indeks, blir retten forbeholdt til å auke prisane tilsvarende undervegs i kontraktsperioden. Elektroentreprenøren må i så fall dokumentere meirkostnadene i form av stadfesting frå sine grossistar/leverandørar.
  8. Alle prisar i dette tilbodet er oppgjevne utan tillegg av meirverdiavgift dersom ikkje anna kjem tydeleg fram av tilbodet.
  9. Elektroentreprenøren bevarar eigedomsretten til materiale og utstyr som er levert eller montert hjå kunden fram til betaling har skjedd, jfr. pantelova § 3-17.
  10. Før oppstart skal kunden gje elektroentreprenøren alle nødvendige opplysningar om forhold av betydning for arbeidet som skal utførast. Det påligger kunden å klargjere arbeidsplassen før oppstart, samt å gi elektroentreprenøren adkomst.
  11. Arbeida er føresette utførte innanfor tidsrommet 07-15.30. Elektroentreprenøren skal, i den grad det er naudsynt, gjere opprydding etter arbeidets utførelse, inkludert fjerne emballasje og avfall, demontere opprigga utstyr og materiale, samt å feie/støvsuge dersom ikkje anna er avtalt. Arbeid med opprydding blir fakturert etter medgått tid. Vask og reingjering utover opprydding er kundens ansvar.
  12. Materiale blir levert med standard kvalitet dersom anna ikkje er skriftleg avtalt.
  13. Det blir ikkje gitt returrett på materiale som er avtalt, levert og montert, med mindre det er feil på produktet og/eller at funksjonen ikkje er i samsvar med avtale.
  14. Elektroentreprenøren kan foreta ei kredittvurdering av kunden før arbeidet vert sett i gang, samt undervegs i leveransen. Dersom kredittvurderinga viser at kunden ikkje anses betalingsdyktig i forhold til tilbodet, og kunden ikkje kan stille betryggande betalingssikkerheit, har elektroentreprenøren rett til å heve avtalen utan kostnad for elektroentreprenøren, og krevje betalt for utført arbeid og materiale.
  15. Ved fakturering gjeld det en betalingsfrist på 10 dagar og rett til å fakturere inntil kvar 14. dag for medgått tid og materiale. Elektroentreprenøren kan alltid kreve betalt for all medgått tid og materiale, før gjennomføring av sluttkontroll i samsvar med Forskrift om elektriske lågspenningsanlegg § 12. Elektroentreprenøren kan velje å benytte seg av faktorering.
  16. Ved køyring til oppdragsstaden vil køyretida verta belasta med timesats gjeldande for arbeidet elles. Det vil maksimalt kunne belastast køyrelengde tilsvarande avstanden frå elektroentreprenørens forretningsadresse til oppdragsstaden.
  17. Oppstartstidspunktet blir avtalt mellom partane etter at kundens godtaking av tilbodet ligg føre.
  18. I tilfeller der det ikkje er avtalt oppstartstidspunkt, og/eller manglar omforent framdriftsplan, blir det reservert rett til sjølv å bestemme dette.
  19. Dersom kunden ber om endring av avtalt oppstartstidspunkt, eller akselerering av avtalt framdrift, blir det reservert rett til å bestemme om dette skal innvilgast og krevje tilleggsvederlag for dette. Kunden skal i så fall få føreslege vederlaget og velje om den vil godta dette, før igangsetjing.
  20. Tilbode pris føreset at arbeidet kan utførast innanfor normal arbeidstid og i samsvar med avtalt framdriftsplan.
  21. Dersom me blir kalla ut på grunnlag av manglande planlegging frå hovudentreprenør utan at framdriftsplan foreligger, og me ikkje har kapasitet, fører dette til overtidsarbeid. Dette kjem som eit tillegg til fastpris.
  22. Viser det seg behov for endrings- eller tilleggsarbeid, det vil seia arbeid som ikkje omfattar opphavleg tilbod, skal kunden melde bestillingar av dette skriftleg til elektroentreprenøren. Sistnemnde skal deretter oppgje pris og framdriftskonsekvens til kunden som deretter skal sende skriftleg bestilling av arbeidet, dersom tilbodet på tilleggsarbeidet blir godtatt.

Dersom kunden ikkje overheld skriftlighetskravet, skal elektroentreprenøren likevel ha vederlag for arbeidet på vilkåra i tilbodet. Elektroentreprenøren har krav på vederlag for endrings- og tilleggsarbeid basert på medgått tid og materiale, samt timesatsar som framgår av tilbodet, med tillegg av evt. prisstigning. For materiale som ikkje er spesifisert i tilbodet, kan elektroentreprenøren leggje til eit påslag som er vanleg for elektrobransjen.

  1. Elektroentreprenørens arbeidstid til prosjektering, frå- og tilkopling eller liknande arbeid frå netteigar, kommunikasjon med eksterne leverandørar, meldingar til plan og bygg m.v., vert dekt i sin heilheit av kunden. Kunden skal, dersom det er mogleg, betale eksterne leverandørar sjølv. Elektroentreprenøren sine utlegg i samband med ovannevnte vert dekte av kunden med eit tillegg av administrasjonspåslag på 15 %.
  2. Kunden er ansvarleg for alle utgifter i samband med behov for forsterking av regional- og transmisjonsnettet (anleggsbidrag).
  3. Elektroentreprenøren er ikkje ansvarleg for forsinkelsar som skyldes behov for forsterking av eksterne nett.
  4. Kunden erkjenner at elektroentreprenørens materialprisar ikkje nødvendigvis er samanliknbare med prisar som kunden kan oppnå ved eigenkjøp av materialar. Bakgrunnen for dette er elektroentreprenørens reklamasjonsansvar som kan medføre betydeleg bruk av tid ved feil på material. I slike tilfeller må elektroentreprenøren dekke reise- og arbeidstid i samband med henting av nytt materiale, demontering og remontering, samt reklamasjon overfor leverandøren. Dersom materiale blir kjøpt av kunde frå butikk vil ikkje butikken ha same ansvaret og kan derfor, i nokre tilfeller, tilby betre prisar.
  5. Dersom elektrikaren ønsker å benytte ein avtaleformular for oppdraget, må dette sendast saman med tilbodet og kunden må bli bedd om å akseptere vilkåra i avtalen samtidig med godtakinga av tilbodet.
  6. Elektroentreprenøren tar førebehold om at partane blir einige om kva avtalestandard som skal nyttast for oppdraget. Dersom avtalestandard er beskrive i tilbodet, skal denne nyttast.
  7. Dersom anna ikkje er avtalt, vert det føreset at, eksisterande jording i bygget kan nyttast, at det er plass til vern og anna utstyr i tavler og skap, at eksisterande sikringar eller hovudsikringar har kapasitet til å dekkje auka behov for effekt, at eksisterande føringsvegar og røranlegg kan nyttast og at rør ikkje er tette og at alle skjulte koplingspunkt er synlege (ikkje skjult av flisar, skap, nedforet himling etc.).
  8. Det blir gjort merksam på at nye automatsikringar skal løyse ut på den fastsette belastningsgrensa. Gamle skrusikringar kunne i enkelte tilfeller tåle ein overlast på inntil 40% før dei løyste ut.
  9. Kunden er ansvarleg for evt. meirkostnader til sikringar som har større kapasitet enn dei opphavlege. Eventuelle utgifter ved behov for høgdeassistanse (lift o.l.) kan komme i tillegg sjølv om det ikkje er medteke i tilbodet.
  10. Feilsøking ved forbigåande jordfeil, som følgje av at jordfeilbrytar/vern utløyser, er ikkje inkludert i tilbodet. Kunden har ansvaret for å informere om forhold innanfor vegger, tak, gulv og andre flater som kan bli skada ved gjennomtrenging. Elektroentreprenøren har ikkje erstatningsansvar for skader som skuldast manglande informasjon om slike forhold.
  1. Når legging av varmekablar er inkludert i tilbodet, føreset det alltid at varmekablane kan leggjast/bittast i armeringsmatter før gulvstøyp, eller limast med limpistol på eit ferdig primet, ikkje-brennbart underlag, så lenge ikkje noko anna er avtalt. Dersom kablane skal festast på annan måte, eller det må leggjast for eksempel hønsenetting eller termonett, vil dette bli fakturert i tillegg til avtalt pris for varmekabel.
  1. Ved små nybygg som enebustader og hytter, blir det føreset at ein annan entreprenør legg trekkerør mellom utvendig tilkoplingsskap og innvendig sikringsskap i tråd med teikning levert av oss. Levering av trekkerør er inkludert i tilbodet. Dersom røroppstikk, inne eller ute, avviker frå teikning/vegger og det må grøftast eller meislast, må dette utførast for kundens kostnad.

Alle ovanfor nemnde vilkår blir rekna som aksepterte om det ikkje blir fremja innsigelsar, eller anna blir avtalt før arbeidet startar.

Standard Salgs- og leveringsbetingelser for oppdrag uten forhåndsavtalt pris

Oftast er det rasjonelt og økonomisk for både partar å utføre oppdraget basert på tidsbruken og materialet som blir brukt. Det sparar oss for befaringar og prisberekningar, og me treng ikkje ta omsyn til uforutsette oppgåver. Når arbeidet går smidigare, blir det òg billigare!

Materiale blir fakturert basert på bruken

Prisliste (pr 01.05.2023)

Montør

Hjelpearbeider

Lærling

Tekniker

Installatør

DNV godkjent Elkontrollør (NEK405)

eks.mva

850

632

600

1090

1200

1250

inkl.mva

1063

790

750

1350

1500

1563

Alle prisar gjeld innanfor normal arbeidstid.

Det blir fakturert for heile timar som løper for tida som går med under oppdraget, inkludert tid til og frå kjøring. Eventuell henting av produkt frå lokale lager er ein del av oppdraget når produktet skal nyttast i det aktuelle oppdraget.

Annan tid som går med under oppdraget, som planlegging, pakking/rydding i samband med oppdraget og dokumentasjon, blir òg fakturert ekstra.

Andre prisar:

Melding til E-verk/DLE. pris per melding. 

Servicearbeid hvor kunden holder deler av materiell selv.        + 15 % på timespris

Servicearbeid hvor kunden holder materiell (se eget punkt)   + 30 % på timespris

 

eks.mva

 

800

 

inkl.mva

 

1000

Arbeid der kunden sjølv vil halde materiale

 

Kunden kan sjølv halde materiale som me monterer. Dette føreset at alt materialet kan dokumenterast med samsvarserklæring i tråd med gjeldande reglar. Materialet må vere frå ein kjend leverandør, ha naudsynte godkjenningar, og vere eigna og forskriftsmessig for den installasjonen som ønskast.

Dersom produktene ikkje samsvarer med våre krav, held me oss retten til å fakturere den tida som er brukt på å skaffe erstatningsprodukt.

Det blir lagt til eit tillegg på timetakst i samsvar med prislista.

Kunden kan òg halde delar av materialet sjølv, som til dømes belysning. Då blir det lagt til ein redusert tillegg i timetaksten, sjå prislista.

Funtek AS gir ingen form for garanti på produkt skaffa andre stader.

Det blir ikkje gitt retur på produkt skaffa andre stader.

 

NB: Våre materialprisar er ikkje nødvendigvis samanliknbare med prisar som kunden kan oppnå ved eigenkjøp av material. Bakgrunnen for dette er elektroentreprenørens reklamasjonsansvar som kan føre til betydeleg bruk av tid ved feil på materiale. I slike tilfeller må elektroentreprenøren dekke reise- og arbeidstid i samband med henting av nytt materiale, demontering og remontering, samt reklamasjon overfor leverandøren. Dersom materiale blir kjøpt av kunde frå butikk vil ikkje butikken ha same ansvaret og kan derfor, i nokre tilfeller, tilby betre prisar på sjølve materialet.

 

Bilkostnader / Servicebilar

Me nyttar servicebilar slik at våre montørar skal vere mobile, og får med seg verktøy, stigtrinn, verneutstyr og liknande.

Me har ingen fastpris for dette – og det kjem ingen kostnader per km (avgrensa inntil 50 km). Alle kostnader for dette er inkludert i timetakstane.

Eventuelle utlegg for parkering og bompassering kjem i tillegg.

I bilane har vi eit utval av produkt for å løysa ambulerande oppdrag. Det er stor variasjon av fabrikat og modellar av produkt som dimmarar, termostatar, lampar m.m., og me ber om forståing for at me ikkje kan ha heile sortimentet i våre bilar.

Dersom me på eit serviceoppdrag må reise for å hente eit bestemt produkt, vil kostnader for tidsbruk til dette bli fakturert til kunden. Fortel oss så detaljert som mogleg kva du ønskjer når du bestiller oppdraget, slik at montøren i mange tilfeller kan bestille utstyret på førehand, eller hente det når han er på veg til første oppmøte.

 

Lærlingebedrift

Funtek AS er godkjend lærlingebedrift.

Lærlingeordninga er ein viktig institusjon i norsk utdanningsvesen.

 

Dersom ikkje anna er avtalt særskilt, nyttar vi lærlingar under oppdrag utan varsel, og fakturerer i tråd med prislista.

Som regel gjer lærlingane at oppdraget vert billigare for oppdragsgjevar, då dei bidreg der to montørar elles måtte arbeide.

Denne nettsiden bruker cookies. Ved og fortsette og bruke siden, aksepterer du vår bruk av cookies.