Elbillader

Tenester

Elbillader

Me leverer alle typar elbilladarar ferdig montert til fast pris — trygt, raskt og med all dokumentasjon i orden.

Pris

amina 1 ladeboks

Amina

Enkel, solid og norskprodusert
frå 10 990 kr ferdig montert
  • Utvikla og produsert i Noreg — berre 10 cm høg
  • Ingen app å halde styr på — du styrer ladinga frå bilen
  • Standard montering, samsvarserklæring og dokumentasjon
amina S ladeboks med fastmontert ladekabel

Amina S

Med fastmontert ladekabel
frå 12 490 kr ferdig montert
  • Fastmontert 6 m ladekabel — alltid klar, slepp å hente kabelen i bilen
  • Innebygd energimålar (±2 %) — og opptil 22 kW om du vel 3-fas
  • Standard montering, samsvarserklæring og dokumentasjon
MEST VALT Zaptec Go ladeboks

Zaptec Go

Smartladaren som tenkjer sjølv
frå 12 990 kr ferdig montert
  • App-styring — ladar når straumen er billegast
  • Mogleg med lastbalansering mot hovudsikringa i bygget (krev straumsensor)
  • Standard montering, samsvarserklæring og dokumentasjon
Easee Charge Up ladeboks

Easee Charge Up

Byt mellom 1- og 3-fas i appen
frå 13 490 kr ferdig montert
  • App, Wi-Fi og 4G — innebygd energimålar og brikkelesar (RFID)
  • Mogleg med lastbalansering mot hovudsikringa i bygget (krev Easee Equalizer)
  • Standard montering, samsvarserklæring og dokumentasjon
Zaptec Go 2 ladeboks

Zaptec Go 2

Nyaste generasjon frå Zaptec
frå 17 990 kr ferdig montert
  • MID-sertifisert energimåling med skjerm på laderen
  • Automatisk veksling mellom 1- og 3-fas, førebudd for Vehicle-to-Grid
  • Standard montering, samsvarserklæring og dokumentasjon

Dra sidelengs for å sjå alle pakkane →

Kva er inkludert i standard montering?
  • Ladeboks montert på vegg (tre eller mur), inntil 10 m kabelveg frå sikringsskapet
  • Ny, eigen kurs med jordfeilautomat (inntil 32A, 1-fas)
  • Boring gjennom éin trevegg
  • Rådgjeving om plassering og val av ladar
  • Oppkopling, testing og samsvarserklæring — dokumentasjon til Boligmappa
  • Køyring inntil 50 km inkludert

Føreset ledig plass i sikringsskapet og at anlegget elles er i forskriftsmessig stand. Graving, skjult anlegg, lengre kabelstrekk eller tavleutviding kjem i tillegg — du får alltid pris før me startar.

Vanlege tillegg: Overspenningsvern dersom det manglar i installasjonen 3 250 kr · Oppgradering til 3-fas kursopplegg/lading +2 500 kr · Kursopplegg utover 10 m 350 kr/m · Ekstra hulltaking 325 kr pr vegg

Ofte stilte spørsmål

Kan eg ikkje berre lade i vanleg stikkontakt?
Vanleg stikkontakt er ikkje laga for den langvarige belastninga elbillading gjev, og aukar risikoen for varmgang og brann. Ein ladeboks på eigen kurs er både tryggare og mykje raskare. Forsikringsselskapa tilrår også fast ladeboks.
Kva er ein smartladar, og treng eg det?
Ein smartladar kan styre ladinga etter straumprisen, så bilen ladar når straumen er billegast — typisk om natta. Han fordeler også effekten smart så du unngår å sprengje hovudsikringa. Det er dette som er inkludert i smartladar-prisen vår frå 12 990 kr.
Kva er lastbalansering, og kva krevst for å få det?

Lastbalansering betyr at ladaren følgjer med på kor mykje straum resten av huset brukar, og justerer ladinga fortløpande. Set du på komfyren, varmtvasstanken og badegolvet samstundes, trekkjer ladaren automatisk ned — og skrur opp igjen når det er ledig kapasitet.

Det gjev deg tre ting: hovudsikringa ryk ikkje, du får lade med full effekt når huset elles er i ro i staden for å låse ladaren til ein låg fast straum, og du slepp å oppgradere hovudsikringa — som ofte er den dyraste delen av eit ladeanlegg.

Dette må til: ein straummålar (strømtrafo) rundt hovudinntaket i sikringsskapet, ein ladar som støttar dynamisk lastbalansering, og oppsett av kva hovudsikringa toler. Skal de ha fleire ladarar, blir dei kopla saman så dei deler den ledige kapasiteten mellom seg. Me monterer og set opp dette som ein del av installasjonen — sei frå på førehand, så tek me med det som trengst.

Treng eg 3-fas lading?

For dei aller fleste er svaret nei. Ein vanleg 1-fas ladar på 32A gjev om lag 7,4 kW, og det fyller dei fleste bilar frå tomt til fullt i løpet av ei natt.

3-fas gjev meir effekt, men to ting må stemme samstundes: at huset har 3-fas inntak, og at bilen kan ta imot det. På 400 V TN-nett gjev 3-fas 16A om lag 11 kW. Men mange elbilar har ein innebygd ladar som uansett stoppar på 11 kW, og nokre på 7,4 kW — har bilen den grensa, får du ingenting igjen for 3-fas. Har du 230 V IT-nett, som er vanleg i eldre hus her i distriktet, er svaret som regel nei — sjå spørsmålet under.

Det er verdt det når: du har stort batteri og kort tid til å lade, de har fleire elbilar på same anlegg, eller bilen faktisk støttar 22 kW.

3-fas kostar 2 500 kr ekstra hjå oss. Me sjekkar kva nett du har og kva bilen din toler før me tilrår noko — det er ingen vits i å betale for effekt du ikkje kan bruke.

Kan alle bilar lade 3-fas på IT-nett (230 V)?

Nei. Dette er verdt å avklare før du bestiller 3-fas.

IT-nett har 230 V mellom fasane og ingen framført nøytralleiar. Type 2-kontakten og ladestandardane er laga for det europeiske 400 V TN-nettet, der nøytralleiaren finst. Løysinga ladeboksane brukar, er å simulere eit nullpunkt ved å nytte ein av fasane som nøytral. Det er bilen sin innebygde ladar som avgjer om det går — han må vere bygd for å tole det, og mange er ikkje det.

Kva lader kva

Bil (innebygd ladar)1-fas3-fas på TN3-fas på IT
Tesla Model 3 / Y7,4 kW11 kWJa — opptil 11 kW, men krev 28 A per fase
VW ID.3, ID.7 Fastback / Tourer7,4 kW11 kWJa
VW ID.4 / ID.5 / ID. Buzz med ID.Software 5.47,4 kW11 kWJa
VW ID.4 / ID.5 / ID. Buzz med ID.Software 4.x, 5.0, 5.27,4 kW11 kWNei — «for øyeblikket ikkje kompatibel»
Renault Zoe, Kangoo E-Tech, Nissan Townstar, Mercedes eCitankrev TN-nettJaNei — ladar ikkje i det heile utan nøytralleiar
Volvo, Audi, BMW, Mercedes, Kia, Hyundai, Stellantis, Škoda7,4 kW11 kWSa nei i 2021 — ikkje oppdatert offentleg sidan
BYD, MG, Toyota, Nio, Xpeng, Ioniq, Kia EV3 / EV6 / EV97,4 kW11 kWUavklart — ingen dokumentasjon funnen

1-fas gjeld 230 V og 32 A. 3-fas på TN gjeld 400 V; på IT-nett blir effekta lågare fordi spenninga er 230 V. Alle tal føreset stor nok kurs — med mindre sikring får du tilsvarande mindre. Sjekk alltid manualen for din konkrete bil og programvareversjon.

Renault-modellane og dei nære slektningane deira har ein innebygd ladar som krev nøytralleiar. Der startar ikkje lading i det heile på IT-nett — heller ikkje på 1-fas. Det handlar altså ikkje om talet på fasar, og løysinga er skiljetrafo.

Merkelista som «sa nei i 2021» kjem frå ei rundspørjing Teknisk Ukeblad gjorde i juni 2021. Volkswagen svarte det same den gongen og har seinare endra det for fleire modellar, så lista kan vere utdatert. Kontroller med importøren.

Risikoen

DSB har meldt om skadar på «kabler, koblingsutstyr og elektronikk i bilen», og seier at lading utanom bilprodusenten si oppskrift «kan medføre skade på bilen, samt fare for feilfunksjon og brann». Fleire produsentar har presisert at garantien ikkje dekkjer skade som måtte oppstå.

NEK 400-7-722 opnar for trefaselading når bilprodusenten sine anvisningar blir følgde, men krev samstundes at Type 2-kontakten er i samsvar med produktstandarden NEK EN 62196-2. Den standarden skildrar ikkje bruk på 230 V IT-nett. Difor kan me normalt ikkje skrive samsvarserklæring på eit 3-fas ladepunkt på IT-nett utan ei stadfesting frå bilprodusenten.

Gevinsten

Ved same sikringsstorleik gjev 3-fas om lag 73 % meir effekt — på IT-nett 6,4 kW mot 3,7 kW ved 16 A — og straumen blir fordelt på tre fasar i staden for å belaste éin. Har du liten hovudsikring, er det eit reelt poeng. Men har du plass til 1-fas 32 A, er du alt oppe i 7,4 kW. Då er standardpakken vår raskare enn 3-fas på 16 A.

Før du bestiller

Me fortel deg kva nett du har i huset. Kva bilen din er godkjend for, må du avklare med bilprodusenten eller forhandlaren — det er berre dei som kan svare bindande, og det er deira dokumentasjon som gjeld om noko skulle skje.

Ønskjer du 3-fas på IT-nett, monterer me det, men då på grunnlag av ei skriftleg stadfesting frå bilprodusenten om at bilen toler det. Utan den tilrår me 1-fas.

Sist kontrollert 11. august 2026. Bilprodusentar endrar dette med programvareoppdateringar — kontroller alltid med importøren før installasjon.

Kor lang tid tek monteringa?
Ein standard installasjon er som regel gjort på nokre timar, så lenge det er ledig plass i sikringsskapet og avstanden er innanfor 10 meter kabel. Blir det lengre kabelstrekk eller andre tilpassingar, gjev me deg pris på det før me startar.

Klar for smartare lading heime?

Ring oss eller be om tilbod, så får du fast pris på ladar ferdig montert.

Bestill ladar til fast pris📞 51 73 20 01
Medlem i ElektroUnionMiljøfyrtårn-sertifisertMedlem i NHO ElektroGodkjend lærebedrift — me har lærlingNKOM Ekomnett-autorisasjonAAA kredittrating

Denne nettsiden bruker cookies. Ved og fortsette og bruke siden, aksepterer du vår bruk av cookies.