Elektroinstallasjon

Tenester

Elektroinstallasjon

Me leverer alt av elektroarbeid i bustad, hytte og næringsbygg — frå nybygg og rehabilitering til feilsøking og småservice. Med base i Skånevik dekkjer me Etne, Vindafjord, Kvinnherad og Ullensvang, og tek også oppdrag i Telemark.

Kva me leverer

  • Komplett elektroinstallasjon i nybygg — bustad, hytte og næring
  • Rehabilitering og oppgradering av eldre elektriske anlegg
  • Elektroarbeid ved tilbygg og ombygging
  • Feilsøking når sikringar slår ut eller noko ikkje verkar
  • Service og mindre oppdrag — nye kursar, stikkontaktar, lampepunkt
  • Betre WiFi-dekning i heile huset, hytta eller bygget
  • Energieffektivisering — smartare styring og lågare straumrekning
  • Dokumentasjon og samsvarserklæring på alt arbeid

Pris

Me har opne prisar — utan overraskingar. Sjå prissida for satsar, og fullstendig prisliste under vilkår.

Ofte stilte spørsmål

Kor raskt kan de kome?
Det kjem an på kor stor jobben er og kor du bur, men små serviceoppdrag får me ofte inn i løpet av få dagar. Ring oss på 51 73 20 01, så finn me ei tid som passar. Hastar det, seier du frå — då prioriterer me det me kan.
Må eg bruke elektrikar til småting som å byte stikkontakt?
Ja, det aller meste av arbeid på det elektriske anlegget krev registrert elektroverksemd. Det handlar om tryggleiken din — feil utført arbeid kan gje brannfare og trøbbel med forsikringa. Me gjer jobben raskt og gjev deg dokumentasjon på at alt er rett utført.
Kva kostar det å oppgradere sikringsskapet?
Det varierer med storleiken på anlegget og kva som må gjerast, så me gjev deg eit konkret pristilbod etter ei synfaring eller ein prat på telefon. Timeprisane og oppmøtekostnaden finn du på prissida, så du veit kva du går til.
Eg skal byggje ny bustad eller hytte — er det noko eg bør tenkje på?
Ja — det viktigaste er å ta oss med tidleg i planlegginga, helst lenge før spaden skal setjast i jorda. Då kan me leggje til rette for det du kjem til å trenge seinare: nok kursar og uttak, elbillader, klargjering for solceller, smart styring av lys og varme, og god WiFi-dekning i heile bygget. Å leggje trekkerøyr og kablar medan alt er ope kostar lite — å ettermontere kostar mykje. Me samarbeider tett med byggmeistrar i regionen og gjev deg gjerne eit komplett elektrotilbod basert på teikningane dine.

Treng du elektrikar?

Ring oss eller send ein e-post — me skaper lyspunkt der du bur.

Be om tilbod på jobben din📞 51 73 20 01
Medlem i ElektroUnionMiljøfyrtårn-sertifisertMedlem i NHO ElektroGodkjend lærebedrift — me har lærlingNKOM Ekomnett-autorisasjonAAA kredittrating

Denne nettsiden bruker cookies. Ved og fortsette og bruke siden, aksepterer du vår bruk av cookies.