Nettverk og kameraovervaking

Tenester

Nettverk og kameraovervaking

Me leverer profesjonelt nettverk og kameraovervaking med utstyr frå Ubiquiti (UniFi) — for bustad, hytte, næring og landbruk. Full WiFi-dekning, kamera utan abonnement, og alt styrt frå éin app.

Kva me leverer

Daud WiFi-sone på kontoret? Ruteren frå internettleverandøren rekk ikkje ut i garasjen eller anneksen? Vil du sjå kven som står på tunet — utan å betale månadsavgift? Det fiksar me.

  • Full WiFi-dekning i heile bygget — profesjonelle UniFi-aksesspunkt
  • Kabla nettverk: nettverkspunkt, switchar og rack for heim og bedrift
  • Kameraovervaking med UniFi Protect — lokal lagring, ingen abonnement
  • Videodørklokke og adgangskontroll
  • Gjestenett og sikker nettverksoppdeling for næring
  • Fjernaksess: sjå kamera og styr nettet frå mobilen, også på hytta
  • NKOM Ekomnett-autorisert installasjon med full dokumentasjon

Kvifor Ubiquiti/UniFi?

Me har standardisert på UniFi fordi det gjev proft utstyr til fornuftig pris: alt blir styrt frå éin app, same system skalerer frå eitt kamera på hytta til komplett anlegg for næringsbygg og gard — og for kamera betaler du ingen månadsavgift. Opptaka ligg trygt lokalt hjå deg.

Serviceavtale — me passar på nettet ditt

For bedrifter, gardsbruk og hytteeigarar som vil sleppe å tenkje på drifta, tilbyr me serviceavtale på nettverk og kamera:

  • Fjernovervaking av anlegget — me ser feil før du merkar dei
  • Programvare- og tryggingsoppdateringar
  • Prioritert support når noko står
  • Årleg helsesjekk av heile anlegget
Frå 390 kr/mnd (inkl. mva) for bustad og hytte. Næring og landbruk får tilbod etter storleiken på anlegget.

Pris

Kva eit anlegg kostar, avheng av storleik og behov — me gjev deg konkret tilbod etter ei synfaring.

Ofte stilte spørsmål

Treng eg abonnement for kameraovervaking?
Nei. Med UniFi Protect blir opptaka lagra lokalt hjå deg — ingen månadsavgift og ingen skylagring du må betale for. Du ser kameraa live og i opptak frå mobilen, uansett kvar du er.
Kan de fikse dårleg WiFi i huset eller hytta?
Ja, det er noko av det me gjer mest av. Med profesjonelle aksesspunkt frå Ubiquiti får du full dekning i heile bygget — også i kjellar, garasje og uthus.
Er det lov å setje opp overvakingskamera?
Ja, på eigen eigedom — men kameraa skal ikkje filme naboen eller offentleg veg, og for næringsbygg gjeld krav om skilting og rutinar.

Relaterte tenester

Skal du styre lys og varme òg? Sjå smarthus og styring. Prisar og serviceavtale finn du på prissida.

Vil du ha betre nett eller tryggare bygg?

Ring oss eller be om tilbod — me kjem gjerne på gratis synfaring.

Bestill gratis synfaring📞 51 73 20 01
Medlem i ElektroUnionMiljøfyrtårn-sertifisertMedlem i NHO ElektroGodkjend lærebedrift — me har lærlingNKOM Ekomnett-autorisasjonAAA kredittrating

Denne nettsiden bruker cookies. Ved og fortsette og bruke siden, aksepterer du vår bruk av cookies.