Tenester
Varme
Me leverer elektriske varmeløysingar som gjev god komfort og fornuftig straumbruk — frå varmekablar på badet til komplette varmeanlegg med smart styring. Me dekkjer Etne, Vindafjord, Kvinnherad og Ullensvang — og tek også oppdrag i Telemark.
Kva me leverer
- Varmekablar i golv — bad, gang, kjøken og andre rom
- Varmefolie under parkett og laminat
- Panelomnar montert og kopla på eigen kurs der det trengst
- Termostatar, inkludert WiFi-termostat du styrer frå mobilen
- Utskifting av gamle termostatar til moderne styringar
- Varmeløysingar for hytte med frostsikring og fjernstyring
- Feilsøking på varmekablar og golvvarme som ikkje verkar
Pris
Prisen avheng av rom, areal og løysing, så me gjev deg konkret tilbod på jobben din.
Ofte stilte spørsmål
Kva er skilnaden på varmekabel og varmefolie?
Varmekablar blir støypte ned i golvet og passar best på bad og der det skal flisleggjast. Varmefolie er tynn og blir lagd rett under parkett eller laminat, utan støyping — perfekt ved renovering der du ikkje vil heve golvet. Me hjelper deg å velje rett løysing.
Golvvarmen min har slutta å verke — kan de fikse det?
Ja, me feilsøkjer varmekablar og finn ut om feilen ligg i termostaten, tilkoplinga eller sjølve kabelen. Ofte er det termostaten som har gitt seg — ein rask og rimeleg reparasjon. Ligg feilen i kabelen, kan han i mange tilfelle lokaliserast og reparerast punktvis.
Kva er vitsen med WiFi-termostat?
Med WiFi-termostat styrer du varmen frå mobilen, uansett kor du er. Automatisk nattsenking, ned når du reiser bort, opp att før du kjem heim — betre komfort og lågare straumrekning, særleg i hytte.
Aktuelt om emnet

Aircondition uten å kjøpe aircondition: slik bruker du varmepumpa til kjøling i sommer
Varm allerede? Sommeren har så vidt startet, og for mange ble fjoråret ubehagelig varmt. Derfor har du kanskje…
08.06.2026

Trygg og varm vinter: Slik sikrer du hjemmet mot elektriske farer
I disse tider skrur vi opp varmen hjemme, tenner flere lys og bruker litt ekstra tid på baking og matlaging på…
13.11.2025

Varm opp hytta før du reiser
Må du ofte bruke «halve helgen» på å få varme i hytta? I 2026 er det heldigvis ikke nødvendig. Med moderne…
16.01.2025
Sjå også
WiFi-termostat er det enklaste steget inn i smarthus og varmestyring. Sjå prissida for faste prisar på termostat og varmekabel.
Vil du ha varme golv?
Ring oss eller send e-post, så tek me ein prat om løysinga di.
Be om tilbod på varme📞 51 73 20 01




