Elektro for landbruket

Tenester

Elektro for landbruket

Me leverer elektro, elkontroll og teknikk til gardsbruk — frå NEK 405-elkontroll av driftsbygningar og termografering, til solceller på låvetaket, kamera i fjøset og nett som når heile tunet. Med DNV-godkjend elkontrollør for landbruk.

Kva me leverer

Fjøset er den tøffaste staden eit elektrisk anlegg kan stå: støv, fukt, ammoniakk, vibrasjon og gnagarar. Difor treng det folk som kjenner både forskriftene og kvardagen på ein gard.

  • NEK 405-elkontroll av driftsbygningar — utført av DNV-godkjend elkontrollør
  • Termografering som avdekkjer varmgang før det blir brann
  • Rapport og dokumentasjon til forsikringsselskapet
  • Elektroinstallasjon og rehabilitering i fjøs, verkstad og lager
  • Solceller på store takflater — låve og driftsbygning har ofte det beste taket på garden
  • Kameraovervaking i fjøs og på tun — følg med på kalving frå mobilen
  • Nettverk og WiFi som når heile tunet, også i verkstaden og på siloen
  • Straum- og effektstyring som kuttar toppar og nettleige
  • Varmekabelstyring på VA-anlegg og frostsikring
  • Lading av elbil, traktor og maskiner

Forsikringskravet — det du bør vite

Forsikringsselskapa krev normalt elkontroll kvart tredje år på alle bygga på garden — driftsbygningar og våningshus. Kontrollen skal utførast av sertifisert kontrollør etter NEK 405 — og manglande kontroll kan gje avkorting i erstatninga om ulukka først er ute.

Me er sertifiserte for landbruk, og hjelper deg å halde kontrollane i eit fast system så du alltid har papira i orden.

Pris

Kva ein kontroll kostar, avheng av storleiken på anlegget. Ta kontakt, så gjev me deg pris — og gjerne ein fast avtale om kontroll med rett intervall.

Ofte stilte spørsmål

Kor ofte må eg ha elkontroll på garden?
Forsikringsselskapa krev normalt elkontroll kvart tredje år på alle bygga på garden — både driftsbygningar og våningshus. Sjekk vilkåra dine for å vere sikker. Me held oversikt for kundane våre og seier frå når det nærmar seg.
Kva blir sjekka i ein elkontroll av driftsbygning?
Me går systematisk gjennom heile anlegget: fordelingsskap, kursar, motorar, vifter, varmelamper, kablar og utstyr — med termografering som avdekkjer varmgang før det tek fyr. Du får rapport og dokumentasjon du kan levere til forsikringsselskapet.
Kvifor er elkontroll så viktig i landbruket?
Fordi konsekvensane er så store. Ein brann i fjøset er tap av dyr, bygg og livsgrunnlag på same tid — og elektriske feil er blant dei vanlegaste årsakene. Støv, fukt, ammoniakk og gnagarar slit hardt på anlegget, og feil utviklar seg over tid utan at du ser det.

Er anlegget på garden trygt?

Ring oss for ein prat om elkontroll, eller be om tilbod på jobben du treng gjort.

Be om pris på elkontroll av garden📞 51 73 20 01
Medlem i ElektroUnionMiljøfyrtårn-sertifisertMedlem i NHO ElektroGodkjend lærebedrift — me har lærlingNKOM Ekomnett-autorisasjonAAA kredittrating

Denne nettsiden bruker cookies. Ved og fortsette og bruke siden, aksepterer du vår bruk av cookies.